< Charterfesten 2014
19.10.2014 15:03 Alder: 5 yrs
Kategori: Nyheter

Nytt frå Filadelfia sjukelandsby på Madagaskar

Mykje positivt skjer i Filadelfia sjukelandsby. Rekordmange elevar på den nye skulen, og den tredje læraren er tilsett. Sjukestova er i gang med jordmor plassert av staten.


Agronom Jeannet viser fram dei fine grønsakene. (Foto: Felicite)

Godt med eit varmt måltid midt på dagen. (Foto: Felicite)

Oppvasken høyrer med. (Foto: Felicite)

Skulen

Skuleåret kom i gang med 1., 2. og 3. klasse 7. oktober. Det er tydeleg at skulen har fått eit godt rykte, for nå er det ikkje mindre enn 113 elevar i dei tre klassane. 1. og 2. klasse er saman i det eine klasserommet inntil det siste klasserommet blir ferdig. Av ymse grunnar har bygginga av dette vorte forseinka, men entreprenøren har sagt at det skal bli ferdig om ikkje så lenge. Elevane skal som siste året, også i år få eit varmt måltid midt på dagen. Saman med den ansvarlege for matlaginga, vil 2-3 foreldre dele på og vere med henne på denne jobben. Det er godt at dyrkinga av grønsaker på jorda som Filadelfia eig, går godt, slik at dei får gode grønsaker til dette. 

Sjukestova

Måndag 13. oktober kom sjukestova i gang. Den gassiske stat og Manakarasynoden i Den gassiske lutherske kyrkja har inngått ei samarbeidsavtale om at staten skal skaffe jordmor som er ansvarleg for det daglege arbeidet. Ho er nå på plass. I tillegg skal ein lege frå staten ha tilsyn med sjukestova og ha konsultasjonar eit par dagar i veka. Styret for sjukestova har tilsett ei dame som skal vere kasserar og føre rekneskapen. Det er kjøpt inn medisinar som sjukestova har kjøpt i dei same kanalar som staten nyttar til sine sjukehus og sjukestover elles. På denne måten er sjukestova i Filadelfia på ein måte ein del av staten sitt opplegg, noko som gjer at arbeidet får den oppfølging som staten sine eigne sjukehus får. Fylkeslegen sine folk er også med i styret for sjukestova. Men samstundes er den driven av sjukelandsbyen som høyrer kyrkja til.