< Juss for samfunnets svakeste
11.05.2014 13:18 Alder: 5 yrs
Kategori: Nyheter
Av: Arne Dragsund

Kristendomen i skulen frå 1800 talet og til nå

Dette var tittelen på foredraget til Olav Lindal i klubbmøtet i Gand Y’s Men måndag 28.april. Med sin store kunnskap og erfaring som skulemann, gav han ei framifrå oversikt over kristendomen sin rolle i skule og opplæring. Damene var inviterte denne kvelden.


Ein engasjert Olav Lindal. (Foto: A Dragsund)

Nytt kristendomssyn på 1500-1600 talet

Lindal opna med og seie at han ville starte endå tidlegare. Med reformasjonen i 1536 kom det inn eit nytt kristendomssyn som var ganske revolusjonerande. Kyrkja skulle informere kyrkjelydane ein gong i veka om kva betydning kristendomen hadde for den enkelte. Luther skreiv Luthers vesle katekisme med forklaring, boda og trusartiklane med forklaring, om dåpen og nattverden med forklaring. Sidan folk ikkje kunne lese, vart dette av presten lese opp og folk skulle lære det utanat. Katekisma måtte kunnast for å få nattverden og få gifte seg, og vere faddar i barnedåpen. Myndighetene i København var misfornøgde med kunnskapane om kristendomen i folket. På 1700 talet kom ei ny organisering.

Omgangsskular

1736 vart det innført lov om konfirmasjon. Borna skulle undervisast 3 månader i året og eiga konfirmasjonsundervisning. Men det var ikkje pengar til skular. Norge var eit fattig land på den tida. Derfor kom det forslag frå København i 1741 om at lokale myndigheter skulle overta opplæringa, og skulen skulle inn i heimane. Det var starten på omgangsskulen. Folk fekk med dette og folkeopplysning sidan dei høyrde kva som vart undervist i. Prestane plukka ut dei flinkaste konfirmantane, og desse vart lærarar i omgangsskulen rundt om i landet.

Haugevekkinga

Denne hadde stor betydning for at borna fekk lære og skrive handelsbrev og rekne. Derfor vart det viktig med lese, skrive og rekneopplæring. Det vart då mindre tid til kristendom, sidan tida måtte delast med andre fag i tillegg. Det var kyrkja som sto bak utgjeving av ei lesebok, med biskopen som forfattar.  Nå kom for alvor allmenne fag inn som eit gode for borna.

Skulen framover

Tre månaders skuletid varte fram til 1889. Kyrkja sto for all skuleverksemd på den tida med presten som skulestyreformann. I 1899 kom det eit krav om at det måtte til ein skule for alle med folket i styringa, ikkje kyrkja. Då kom den såkalla folkeskulelova.  Det vart ei utvikling kor antall timar i kristendom vart redusert. Frå 1959 vart skuletida 9 år. Skulen skulle oppdra til gode samfunnsmenneske og borna få ein kristen og god oppdragelse. Nå kom også kravet om orientering om andre religionar med, og livssynsorintering. På 1980 talet kom det endå ein ny plan der kristendomen skulle vere i samsvar med den evangeliske lutherske læra. Men kravet om at andre livssyn og religionar skulle vere med, vart sterkare etter kvart.

KRL- RLE

Kristendom, religion og livssyn vart skifta ut med Religion, livssyn og etikk i 2008. Det vart ein kamp om livssyn. Faget er nå pressa tidsmessig, før med 2 timar kristendom i veka. Nå vert det delt med orientering om andre religionar og livssyn. I tillegg har kyrkja sitt dåpsopplæringsprogram med ansvar for trusopplæringa, der konfirmantundervisninga er ein del av dette. Dersom samarbeidet mellom kyrkja og skuleverket var god, kunne dette vere ei svært god ordning for kristendomsopplæringa i Norge i dag, avslutta Olav Lindal sitt foredrag med. Ein nyttig og tankevekkande gjennomgang av kristendomen sin plass i norsk skuleverk gjennom dei siste 400 år.